Økologi
Balholm AS har som målsetjing at økologisk naturmost frå Sogn skal vere tilgjengeleg i daglegvarebutikkar over heile landet. Førebels er råvaretilgangen for liten til dette. Vi arbeider difor med å auke den økologiske fruktproduksjonen gjennom å få i stand kontraktdyrking. Sogn Jord-og Hagebruksskule i Aurland har planta ut eit eplefelt på 20 daa som årleg skal gje smakfull økologisk eplemost. I dag leverer Balholm ein stor del av den økologiske produksjonen til Godt Brød sine bakebutikkar i Oslo, Bergen og Trondheim og til Gardsbutikken på Stend Jordbruksskole utanfor Bergen.
Linkar * Pilotprosjekt for økologisk frukt- og bærdyrking
< < < Forrige (side 2 av 2) |
|