Frukt i Sogn og Balestrand
Balholm er det gamle namnet på Balestrand som ligg i Midtre Sogn. Dette er ein lun fjordregion, der frukttrea truleg har blomstra samanhengjande sidan tidleg mellomalder. I Sverresoga står det om "Aldinshaga" i Vik alt i 1180-åra (aldetre/ apal= epletre). Dette er den første skriftlege dokumentasjonen på fruktdyrking i landet.
Klimaet ved Sognefjorden er varmt nok til at aprikos, fersken og vindruer kan dyrkast på friland, berre 3 mil frå Jostedalsbreen sin evige is. Dette er kontrastane sin regionen.
Frukttradisjonen i Sogn er først og fremst representert med kommunane Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, og Lærdal Garden Stedje i Sogndal hadde i si tid den største frukthagen i norden. Eplesortar som 'Kaupanger', 'Fosseple' og 'Fuhr' har sitt opphav i denne regionen. Frukt- og bærkonservering har også lange historiske røter, sterkast representert ved konservesverksemdene til Drægni og Lerum
(side 1 av 4) Les meir > > > |
|