Balholm
  • Heim
  • Produkt
    • Juice
    • Limonade
    • Cider
    • Sprudlande most
    • Dram
    • Dessertvin
  • Om cider
  • Om dram
  • Om oss
    • Ciderhuset
    • Fruktdyrking i Sogn
    • Nyhende
  • Kontakt
  • Presse
  • Home
  • Products
    • Juice
    • Lemonade
    • Cider
    • Apéritif
    • Brandy
    • Dessert wine
  • About cider
  • About brandy
  • About us
    • The Cider House
    • Fruit Cultivation in Sogn
  • Contact
  • Press

Våre ciderprodukt


Dei unge handverkciderane på 4,7% har behalde den friske fruktige karakteren etter berre ei kort nedkjølt gjæring.  På dei litt eldre 6%-ciderane har den fruktige smaken slege over til ein vinaktig karakter som er typisk for utgjæra cider. Dei eldste ciderane,
som Aldin og Sognefjord har hatt ein lagringsperiode etter gjæringa
​og får dermed tilført lette sherry-tonar. 
 
Ekte norsk cider utfyller eit måltid av gode norske råvarer.



Handverkcider 33 cl, 4,7% 


Picture
Picture
Picture

Handverkcider eple 33 cl, 4,7%
​

Laga av desserteple og cidereple. Rein eplesmak med lette urteaktige overtonar. Fruktig og middels tørr.
​Frisk all-round eplecider.
​I sal gjennom butikkar i 
Norgesgruppen og Coop.

​EPD-nummer 4299772

Handverkcider bær 33 cl, 4,7%
​

Laga av eple, bringebær, rips, rabarbra og humle. Fruktig og tørr, og likevel svært smaksrik. Ein spennande nykommar.
​I sal gjennom butikkar i Norgesgruppen og Coop.

​EPD-nummer 4349015
​

Handverkcider pære 33 cl 4,7%
​

Laga av 90% pære, 10% eple og humle. 
​Mild og fruktig pæresmak med blomsteraroma frå humle. ​Middels tørr.

​I sal gjennom butikkar i Norgesgruppen og Coop.

​EPD-nummer 4299780

Handverkcider 33 cl, 5% 


Picture
Handverkcider eple 33 cl, 5%
​

Laga av desserteple og cidereple. Rein eplesmak med lette urteaktige overtonar. Fruktig og middels tørr.
​Frisk all-round eplecider.

.
Vinmonopolet prod nr. ​
10036902
​
EPD-nummer 5049218
Picture
Handverkcider pære 33 cl, 5%
​

Laga av 90% pære, 10% eple og humle. 
​Mild og fruktig pæresmak med blomsteraroma frå humle. ​Middels tørr.


Vinmonopolet prod nr. 10037002
​
EPD-nummer 5049259
​
Picture
Handverkcider bær 33 cl 5%
​

​Laga av eple, bringebær, rips, rabarbra og humle. Fruktig og tørr, og likevel svært smaksrik. Ein spennande nykommar.

​
​
Vinmonopolet prod nr. ​10037102
​
EPD-nummer 5049267
Picture
Handverkcider hylleblom 33 cl 5%
​

Ein eplecider med lett aroma frå den tradisjonsrike svarthyllblomen.
Aromatisk og halvsøt.



Vinmonopolet prod nr. 
​10037202
​
EPD-nummer 5049358

Handverkcider 50 cl, 6%


Picture

Balholm cider økologisk.
​50 cl, 6% vol.

Cider i klassisk engelsk stil laga av
cidereple og desserteple.  Miks av
modna bittercider frå tank og
ung cider frå kjølt gjæring.
Tydelege innslag frå tørre, snerpande cidereple, men likevel frisk, vinøs og eplefruktig.  Erstattar produktnamnet
​Balholm cider medium.
​
​
Vinmonopolet prod nr. 2109602
EPD-nummer 4298790​
Picture

Balholm cider med humle.  
​50 cl, 6% vol.

Ein aromatisk og tørr cider laga
av desserteple og humle
- ‘Hopped Cider’.  ​Ung cider frå kjølt
gjæring som er tørrhumla. Frisk
eplelukt med innslag av humle i retning
hylleblomst. Fruktig og delikat smak av
eple med lett sitruspreg.  
Ein direkte festleg kombinasjon
​av eple og humle!
​

Vinmonopolet prod nr. 2848002
EPD-nummer: 4349155
Picture

Balholm cider med malt.  
​50 cl, 6% vol.

Ein mild og behageleg cider laga av desserteple med malt og lett humle.  
Ung cider frå kjølt gjæring miksa med maltbrygg. ‘Malted Cider’ er den smaksmessige naboen til ‘Apple Ale’.
Lukt av friske eple med 
undertonar av mørk malt.
​ Fruktig og mjuk smak med streif av
​humle i ettersmaken.
​

Vinmonopolet prod nr. 2848102
EPD-nummer: 4349163

Bjor vikingcider med mjødurt 50 cl, 14% vol


Picture
Den gamle, opphavelege cideren som vart brygga over heile det nordlege Europa, var kalla  bjor på norrønt og beor på gamalengelsk.  Drikken var laga av gjæra fruktsaft, gjerne med bær og urter og tilsett honning for å få høg alkoholstyrke.  Bjor var rekna som den gjævaste og mest dyrebare drikken, og i Edda-diktet Allvismål får Tor fortalt frå dvergen Allvis at øl var for menn, men bjor var for gudane.  Ei tønne bjor var verdt 5 tønner øl. Frå gamle dokument har bjor feilaktig blitt omsett til øl, fordi ordet liknar på beer. Men bjor var ein type søt sterkvin som ikkje inneheldt ikkje malt i det heile.  Då tyskarane på 1500-talet begynte med humle i ølet, tok dei fram att det gamle ordet beor, som vart til Bier/ beer.  Vi har laga ein moderne bjor av sterkcider tilsett honning og mjødurt. Aromatisk, sødmefull og sterk, slik drikken er omtalt i dei gamle dokumenta.
​

​EPD-nummer 5049465
Vinmonopolet prod nr. 10037302

Vestland
fruktig cider
​
​75 cl, 8% vol. 

Vestland
​rosé cider
​​75 cl, 8% vol. ​

Picture
Picture
Vestland er ein fruktig sider
laga av tradisjonelle bordeple,
slik tradisjonen har vore på
Vestlandet. Strågul klar farge.
Tydeleg og frisk lukt av eple og steinfrukt. 
God kolsyre med fruktig og frisk eplesmak og lett tørr ettersmak. 
Ein halvtørr cider som passar godt
som aperitif, til skaldyr, fisk, kylling
og svin. 
​
”Vestland er laga etter inspirasjon frå bestefar Andreas sin eplevin.”

​
​EPD-nummer 5270178
Vinmonopolet prod nr. 10819501​

Vestland rosé er ein frisk cider laga av tradisjonelle bordeple, rabarbra av typen Victoria, og nype frå Rosa rugosa.
Lett, frisk eplesmak med rabarbrasyre og urter.
Lykt av eple og urter. 

Lys rosa på farge. 
​Ein halvtørr cider som passar godt
som aperitif, til skaldyr, fisk, kylling
og svin.  
EPD-nummer 
Vinmonopolet prod nr. 12447501

Sognefjord
​med bitre cidereple

75 cl, 8% ​vol. Øko


Picture

Aldin Cider Brut
Methode Traditionelle
​75 cl, 10% vol. Øko 


Picture

Sognefjord er i norsk samanheng ein innovativ cider som er laga med bitre cidereple opphaveleg frå
​Normandie og Somerset.
Gylden orange farge. Lukt av
tørka  frukt og eplecider med sherrypreg.
Lett og naturleg karbonering og fyldig smak av eplecider med lang 
og bitter utgang.
Ein matvennleg tørr cider som
passar ​til kraftige rettar av
lam, svin, storfe og vilt. 
Dette er cideren sitt svar på IPA-øl!


​EPD-nummer 5269808
Vinmonopolet prod nr. 580201

Aldin er Balholm sitt flaggskip, laga av tradisjonelle bordeple og bitre cidereple. Første gangs gjæring i 2016, deretter flaskegjæring i 2 år før kvar flaske er blitt degorgert for hand i 2019.
Djup strågul farge. Kvitt og fyldig skum etter opning. Frisk kolsyre og lukt av tørka frukt, sherry og eplekjellar. 
Kompleks smak av mogne
eple, nybakt brød, eplekjernar
og med eit mineralsk preg i utgangen.  Perfekt som aperitif, men passar
​også til skaldyr, fisk, svin og storfe.  Begrensa opplag med nummererte flasker.


​EPD-nummer 5270186
Vinmonopolet prod nr. 9787201
Pr no berre tilgjengeleg i butikken i Ciderhuset, Balestrand​
​

Produkt

Juice
Cider
Dram
Aperitiff
​Dessertvin

Om oss

Om oss
​Ciderhuset
Fruktdyrkarane
Fruktdyrking i Sogn

Kontakt

​Balholm AS, Villavegen 14, 6899 Balestrand
​post@balholm.no
+47 994 99 981 
Facebook
Instagram

© COPYRIGHT 2016. ALL RIGHTS RESERVED.
  • Heim
  • Produkt
    • Juice
    • Limonade
    • Cider
    • Sprudlande most
    • Dram
    • Dessertvin
  • Om cider
  • Om dram
  • Om oss
    • Ciderhuset
    • Fruktdyrking i Sogn
    • Nyhende
  • Kontakt
  • Presse
  • Home
  • Products
    • Juice
    • Lemonade
    • Cider
    • Apéritif
    • Brandy
    • Dessert wine
  • About cider
  • About brandy
  • About us
    • The Cider House
    • Fruit Cultivation in Sogn
  • Contact
  • Press