Ciderhuset er drive av familien Eitungjerde Høyvik; Eli-Grete og Åge, og neste generasjon Tuba og Gard. Du finn det i Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaien og Kviknes Hotel. Det kvitkalka huset er omkransa av tre tusen frukttre. Ciderhuset er med i det internasjonale nettverket Economusée, og i kjellaren lagar vi cider etter "metode-tradisjonelle" og destillerer ulike typar fruktbrennevin.
I tillegg til produksjon av drikke er Ciderhuset eit romsleg selskapslokale. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag. Vi tilbyr program med formidling om cider og frukt eller kulturvandring i Kunstbygda Balestrand. Vi fasiliterer faglege opplegg, teambygging og anna moro. Om sommaren kan du besøke restauranten i Glashuset som har vid utsikt over Sognefjorden. Her er mat av lokale og dels økologiske råvarer og med Middelhavskjøkenet som inspirasjon. Ciderhuset passar godt til bryllaup og feiring av andre store dagar.
Av dei mange frukttrea er to tredjedelar eple fordelt på 80 ulike sortar, deriblant bitre cidereple frå Normandie og Somerset. Resten er plomme, pære og kirsebær - og litt aprikos og druer. Klimaet i Sogn gjer at frukta modnar saktare enn på sørlegare breiddegrader. Det gir meir syre og konsentrert smak også når frukta blir foredla.
Frukt har fascinert Åge frå han var liten, og han likar å samle på ulike sortar, pode og plante. Bestefaren Andreas var handelsmann og fruktdyrkar og laga fruktvin. Han lærte Åge korleis ein skulle behandle eple like varsomt som egg – og pakke dei inn i silkepapir slik at dei heldt seg fine. Neste generasjon har også vakse opp med å hjelpe til i hagen: beskjæring, tynning, plukking, sortering - og ikkje minst fråtsing i frukt. Den aller yngste generasjonen viser også fruktentusiasme – vesle Edda (som også er namnet på ein plommesort!) elskar å vere med bestefar Åge i hagen og smake på frukta. Ho lærte tidleg å seie både «Balholm» og «plomme» og «eple».
Les meir her:
www.ciderhuset.no