Dessertvin
Prunus Domestica - økologisk dessertvin av plomme 12,5 % Dei eldste plommesortane kom truleg til Sogn alt i klostertida. Plommer var mindre påakta enn eple og pærer, og vart ofte ståande som kratt i utkantar, der me framleis kan finna små “Gulaplommer”. I nyare tid er plomme vorte den mest eksklusive frukta me dyrkar, med sortar som Reine Claude D’Oullins, Victoria, Mallard, Jubileum og Reeves. Prunus Domestica er det latinske namnet for plomme. Det er ein søt dessertvin framstilt av storfrukta og saftige plommesortar som er dyrka økologisk i hagen ved Ciderhuset. Fruktvinen er mogna i minst 2 år og har ein distinkt og sødmefull plommesmak med forsiktig mandel og ein lett sherry-karakter. Kan nytast som aperitif, til pâte, ost, kaker og dessert. Ravgul, søt, 12,5 % vol, 50 cl Vinmonopolet BU EDP-nummer 4339685 |