Balholm-produkt mottek DOGA-merket for design og arkitetur 2017
Den nye serien med fruktdrikke frå Balholm fekk onsdag DOGA-merket for god design i fagdisiplinen visuell kommunikasjon, emballasjedesign. Design og arkitektur Norge (DOGA) deler ut dette merket til årets beste prosjekt innan design og arkitektur. Årets vinnarar vart heidra og feira med prisutdeling i DOGA sine lokale i Oslo onsdag 15.11. Ragnhild Eitungjerde Høyvik mottok prisen på vegner av familien. Det er designbyrået Olssøn-Barbieri som står for formgjevinga, og dei står bak fleire av Balholm sine pakningsdesign for cider og fruktbrennevin.
Slik var juryen si vurdering: “Her har de lykkes med å skape en helt særegen identitet med historien om tre sterke sognekvinner og inspirasjon fra gammel illustrasjonsteknikk. Her henger alt sammen i en større helhet der de enkelte delene forsterker hverandre: De voksede korkene med fargekoding gir assosiasjoner til det hjemmelagde og originale, og silkepapiret man pakker flaskene inn i, understøtter inntrykket av personlig omsorg og lokal tilknytning. Gamle illustrasjoner og trykkteknikker henter frem det nostalgiske i produktet, men de uventede fargekombinasjonene etterlater ingen tvil om dette er et moderne produkt. Oppsummert er dette et arbeid med høy kvalitet når det gjelder håndverk og varighet på design, og fremstår som helhetlig, appellerende og særegent.”
https://doga.no/Aktiviteter/dogas-priser/doga-merket-design-arkitektur/vinnere-av-doga-merket-2017/balholm-fruktvin/

Gull i Visuelt-prisen i sommar
Også i sommar vann fruktvinserien ein designpris. Då var det Grafill - Norsk organisasjon for visuell kommunikasjon som delte ut Visuelt-prisen. Her vann Balholm-serien gull i pakningsdesign - drikkevarer. Juryens kommentar var då “Formspråket og typografien er tydelig inspirert av innpakningspapir til frukt som ble mye brukt på 1900-tallet. Det skaper et fristende og sjarmerende uttrykk, som gjør at man umiddelbart får lyst på et glass musserende fruktvin. Det er lett å drømme seg bort til en frukthage i Sognefjorden. Konseptet er tatt helt ut. Beskyttelsespapiret lokker til nysgjerrighet og gir et ekslusivt preg på produktet. Lokale heltinner som Emma, Ingeborg og Margaret hylles ved å gi navn til de tre ulike variantene av fruktvinen. Deres historier er vakkert beskrevet på etikettene, sammen med illustrasjoner utført med stødig hånd. Dette er flasker ingen kan motstå. Veldig bra!” |
Sel godt og får gode skussmål på smaken
Dagleg leiar Åge Eitungjerde fortel at også på smaken har desse drikkene motteke gode skussmål, mellom anna fekk den alkoholfrie Margaret med eple og rabarbra terningkast 6 i A-Magasinet og også høg poengscore i Dagens Næringsliv. Dette førte til at den vart utseld over heile landet. No er eit nytt parti på plass i Vinmonopolet og i Meny.
Historiske kvinner frå Balestrand var inspirasjonen til serien med fruktdrikke
Opp gjennom historia har det ofte vore kvinnene som har stått for å lage noko godt av frukt og bær i bygdene våre og fått frukta til å vare gjennom vinteren. Slår vi opp i ærverdige Fru Henriette Schønberg Erken si ”Stor kokebok for større og mindre husholdninger” frå 1914, finn vi til dømes mange oppskrifter om ”at lægge frugtvin”.
Dette var inspirasjonen då Balholm skulle utvikle nye drikker av frukt og bær. Vi har funne fram til tre historiske kvinner som har sett spor etter seg i Balestrand og Sogn og som vi har tileigna denne nye serien.

Margaret - alkoholfri fruktmost av eple og rabarbra.
Margaret Sophie Green Kvikne (1850 – 1894) er prestedottera og fjellpioneren som kom frå England for å klatre i Jotunheimen. Ho må ha vore ein av dei tøffaste kvinnene som har sett sine sko i Sogn og har sett djupe spor etter seg i norsk tindehistorie. Ho var mellom anna den første kvinna som klatra til toppen av Store Styggedalstind (1888). Ho gifte seg i 1890 med hotelleigar Knut Kvikne. Diverre fekk dei eit kort liv saman ettersom Margaret døydde av tuberkolose berre få år etterpå. Knut fekk i samarbeid med andre sterke kvinner i bygda reist St Olaf’s Church (Engelskkyrkja) til minne om Margaret (1897).
http://kvinnestemmer.net/balestrand-margaret-sophia-green-kvikne/

Emma – Fruktvin av eple og stikkelsbær
Emma Normann (1871 – 1954) er kunstmålaren som var fødd i Düsseldorf i Tyskland og var dotter av den kjende målaren Eilert Adelsten Normann. Han var også læraren hennar. Emma måla i stilarten på den tida – nyromantisk og med vakre landskap spesielt frå Balestrand, ettersom familien hadde sommarhus i bygda – eit av dei mange i drakestil. Ho bygde seg sitt eige hus – Villa Heimdalsstrand – som no er freda av Fylkeskommunen som eit godt bevart døme på ein kunstnarbustad i Balestrand.

Ingeborg – Fruktvin av eple og plomme
Ingeborg er ein segnfigur som er kjend frå den islandske soga om Fridtjov den Fræge (Frøkne). Den svenske diktaren Esaias Tegnér gjorde denne soga udøyeleg i 1825 gjennom sin diktsyklus på 24 vers, og kunstmålarar har gjennom sine reiser og skildringar av landskapet gjort området i Midtre Sogn – Balestrand, Leikanger og Framnes (Vangsnes) kjendt ute i den store verda.
Soga vart også omsett av Ivar Aasen i 1858 som den første sagateksten på nynorsk!
Ingeborg er motiv for mange kjende kunstnarar på 1800-talet, og måleria frå desse kunstnarane starta bølgja av reisande som kom til Balestrand utover dette hundreåret.
Alle tre kan kjøpast på Vinmonopolet gjennom bestillingsutvalet eller i gardsbutikken på Ciderhuset i Balestrand.
”Emma” på Vinmonopolet og ”Ingeborg” på Vinmonopolet, “Margaret” på Vinmonpolet.
”Margaret” fruktmost er dessutan å finne i MENY-butikkar over heile landet.
Designbyrå for etikettane er Olssøn Barbieri. - http://www.olssonbarbieri.com/
Involverte i prosjektet
Frode Skaren, ByHands/ Ugly Logo, illustratør.
Stefan Ellmer, typograf
Foto: Sigve Aspelund (Tinagent)