Balholm
  • Heim
  • Produkt
    • Juice
    • Limonade
    • Cider
    • Sprudlande most
    • Dram
    • Dessertvin
  • Om cider
  • Om dram
  • Om oss
    • Ciderhuset
    • Fruktdyrking i Sogn
    • Nyhende
  • Kontakt
  • Presse
  • Home
  • Products
    • Juice
    • Lemonade
    • Cider
    • Apéritif
    • Brandy
    • Dessert wine
  • About cider
  • About brandy
  • About us
    • The Cider House
    • Fruit Cultivation in Sogn
  • Contact
  • Press

Våre drammar


I kjellaren i Ciderhuset står destilleriet av blank kopar. Innerst i cavaen står eikefata stabla. Her kviler dei edlaste dropane – fruktbrennevinet. 

Picture
Balholm Epledram 6666
På 1800-talet planta Henrik Forman 6666 epletre på garden Stedje i Sogndal. Til tider var avlingane så rikelege at sogningane kunne betale den årlege skatten med frukt.
I dag er eplebrennevin mest kjent som fransk Calvados, tysk Obstler eller engelsk Apple Brandy. Balholm Epledram er destillert frå ei blanding av omlag 20 eplesortar, me har nytta heile frukta med skal og fruktkjøt, slik at det blir utvikla ein distinkt eplearoma som er fint integrert med eikepreg etter lagring på franske fat.
​Kan nytast temperert som avec, til dessert, kaker og frukt, eller som akevitt til lyst kjøt. 
Gylden farge, 40 % vol, 50 cl. Vinmonopolet Basisutvalget

EPD-nummer 4339701

Picture
Balholm Epledram 1833
​I 1833 starta godseigar og fruktdyrkar Henrik Forman utplantinga av det som skulle bli den største frukthagen i Norden. Sogn vart etter kvart eit av dei viktigaste fruktdistrikta, og fleire gardar hadde både frukthagar og brenneri. I 1833 var det 10.000 registrerte brenneapparat i landet.  
Balholm 1833 er dobbeltbrent og utan fatlagring. Sval, rein og tørr drikk prega av eple og urter. Passar godt som rein drikk eller som taffelbrennevin til fisk og lette matrettar. 


​
​
​Klar farge, 35% vol, 50 cl. 
Vinmonopolet BU
​EPD-nummer 4720082

Picture
​
​Sogn Aqua Vitae - økologiske eple med karve

Sogn Aqua Vitae er destillert frå cider av utvalde eplesortar som er dyrka økologisk i hagen ved Ciderhuset. Aqua Vitae (Livsens Vatn) vart i mellomalderen nytta som fellesnamn på alle typar brennevin. I Sogn dyrka me eple i 600 år før poteta kom til landet, det er difor naturleg å nytta bordeple og ikkje jordeple (potet) når edel drikke skal lagast. Etter kort lagring på franske eikefat, blir det utvikla eit matbrennevin med mild eplearoma og lett preg av karve og tørr vanilje. Kan nytast temperert som ein taffel-akevitt til fisk, lyst kjøt, lam og storfe.
​​Lys gylden farge, 40% vol, 50 cl. Vinmonopolet BU
EPD-nummer 4339693
​
Picture

Norsk økologisk Plommedram – fatlagra
Plommebrennevin er i dag mest kjent som Slivovic frå Balkan. Balholm Plommedram er destillert frå saftige økologiske plommer frå hagen ved Ciderhuset. Me har valt ei av blanding av fem smaksrike sortar og har nytta heile frukta med stein. Dermed blir det utvikla ein tydeleg plommearoma med snev av mandel og tørr vaniljefinish etter lagring på franske eikefat. Kan nytast temperert som avec, til dessert, kaker og frukt, eller som akevitt til feite matrettar.


​​Gylden farge, 40% vol, 50 cl. Vinmonopolet BU
EPD-nummer 4339719

Picture


​
​Bringebær Eau-de-vie

Bringebær er ein gamal kulturplante langs Sognefjorden, med røter truleg heilt tilbake til mellomalderen. I dag blir omlag 70% av bringebæra i landet dyrka i Sogn. Balholm Bringebær Eau-de-vie er brent av heile bær av den aromatiske og eksklusive sorten ‘Veten’. Lett og elegant karakter med nesten parfymert bringebæraroma. Kan nytast som akevitt til lettare rettar, som avec, eller som basis i drinkar.

​Klar farge, 40% vol, 50 cl.
Tilgjengeleg på Spesialbestilling
EAN-nummer 7023860055594
Picture

​
​
​Solbær grappa

Solbærsaft og syltetøy vart i si tid framstilt i nesten alle heimar. I dag veit vi at solbær har eit høgt innhald av vitamin C og antioksidantar, i tillegg til ein flott aroma. Balholm Solbær Eau-de-vie er brent av heile solbær med stilk. Dette gir eit brennevin med tydeleg solbæraroma og eit litt urteaktig grappa-preg som passar i mange av dei same situasjonane som akevitt, eller som basis for fruktdrinkar – og i solbærtoddy!

​Klar farge, 40% vol, 50 cl.
Tilgjengeleg på Spesialbestilling
EAN-nummer 7023860055624

Produkt

Juice
Cider
Dram
Aperitiff
​Dessertvin

Om oss

Om oss
​Ciderhuset
Fruktdyrkarane
Fruktdyrking i Sogn

Kontakt

​Balholm AS, Villavegen 14, 6899 Balestrand
​post@balholm.no
+47 994 99 981 
Facebook
Instagram

© COPYRIGHT 2016. ALL RIGHTS RESERVED.
  • Heim
  • Produkt
    • Juice
    • Limonade
    • Cider
    • Sprudlande most
    • Dram
    • Dessertvin
  • Om cider
  • Om dram
  • Om oss
    • Ciderhuset
    • Fruktdyrking i Sogn
    • Nyhende
  • Kontakt
  • Presse
  • Home
  • Products
    • Juice
    • Lemonade
    • Cider
    • Apéritif
    • Brandy
    • Dessert wine
  • About cider
  • About brandy
  • About us
    • The Cider House
    • Fruit Cultivation in Sogn
  • Contact
  • Press