Andre og tredje generasjon (Solveig, Ragnhild og vesle Sigurd) tok imot prisen på Vippa i Oslo.
Jurymeldem Ingrid Kleiva Møller seier at juryen ikkje kan tenkja seg oss ein meir verdig vinnar av Matprisen 2018 enn Balholm, som både er tradisjonsberarar og fornyarar innan sin sjanger.
- Dei har med smittande entusiasme og god formidlingsevne sørga for auka økologisk produksjon, samt ei auka bevisstgjering rundt kvalitet og nyvinning innan frukt- og bærproduksjon, seier ho.
Grunngjevinga frå juryen: «Balholm har gjennom 20 år jobbet med fruktdyrking og foredling av frukt og bær. De er tradisjonsbærende nyskapere i sin produksjon av alkoholholdige og alkoholfrie fruktdrikker. Kvaliteten er høy og sortimentet stort. De utmerker seg ikke bare på produktsiden, men også på produksjonssiden. Gjennom ordningen «rekruttfrukt», i samarbeid med Godt Brød, solgte de drikke fra gårder under omlegging til økologisk drift. Balholm har bidratt enormt mye for å øke andelen og heve kvaliteten på økologisk fruktproduksjon i Sogn, og i resten av landet.»

Foto: Joachim Sollerman
Her er takketalen frå Balholm:
Balholm har laga økologiske drikkeprodukt av frukt heilt sidan 1999, så vi tilhøyrer gruppa av veteranar på dette området.
Dei var ein liten idealistisk gjeng på starten av 1990-talet som meinte det burde vera råd å laga skikkelege produkt av frukt som ikkje hadde fått sprøytemiddel og som hadde vakse i sunn jord med naturlege mikroorganismar. Balholm Mosteri vart danna med dette som utgangspunkt.
For å få inn nok økologisk frukt, var Balholm avhengig av at mange nok fruktbønder la om til økologisk dyrking. I dette arbeidet var det nokre viktige samarbeidspartar; Sogn Jord og hagebruksskule i Aurland, Planteforsk på Leikanger og Økoringen Vest i Sogndal. Det utvikla seg eit fagmiljø som var viktig for framveksten av økologisk fruktdyrking i heile landet.
Seinare vart Godt Brød ein viktig avtakar på drikkeprodukta, og saman lanserte vi prosjektet ”Rekruttfrukt” for å få fleire dyrkarar med. Norgesgruppen og Meny vart også tidleg ein viktig kunde. Det gjekk ikkje mange år før Sogn var det området i landet med flest økologiske fruktdyrkarar. Og slik er det framleis i dag.
Vi syns det er motiverande å jobba med eit stort produktsortiment som vi kan tilrå med godt samvit. På ein klode som er i ubalanse på grunn av menneskeleg uforstand, er økologisk landbruk eit viktig tiltak for å redusera bruken av hormonar og innsektgifter og få tilbake balansen i jorda. Berekraftig landbruk blir dette kalla i dag.
Det er også motiverande å jobba med produkt av råvarer med så høg smakskvalitet som vi har her i Noreg. Kjøleg klima gir sakte mogning, høg syre og markerte aroma- og smaksstoff. Balholm merkar dette fortrinnet når produkta blir presenterte for folk frå sørlegare land. Både økologiske fruktjuicar, ciderar, fruktvinar og fruktbrennevin blir verdsett for sin markerte smak. Dette er kjekt å oppleva!
Tusen takk!!