Om dram
Korleis blir brennevin framstilt?
Kva er skilnaden på vodka, akevitt, cognac og eplebrennevin?
Kva er skilnaden på vodka, akevitt, cognac og eplebrennevin?
Vodka, gin og akevitt er laga med utgangspunkt i 96% alkohol. Etylalkohol er ein nøytral sprit som er masseprodusert på store industrielle kollonneanlegg. For å oppnå eit så høgt alkoholinnhald som 96%, må destillatet gå gjennom ein prosess som blir kalla rektifisering, der all aroma frå råvarene i praksis blir fjerna. Om det i utgangspunktet var brukt potet, korn eller andre råvarer, spelar det inga rolle for smaken. Denne industrispriten blir tilsett urter og krydder og gjerne fatlagra på eik, før den blir tynna ut med vatn og tappa på flasker. Gin blir tilsett einebær, og akevitt blir tilsett karve og/ eller dill. Produkt som er laga av etylalkohol blir kalla smakstilsett sprit eller uekte brennevin, for det er ikkje ”vinen” av råvarene som bidreg med smak, men krydderet. Smakstilsett sprit er ein arv frå den tidlege teknologiske perioden, då brenneapparata var dårleg utvikla. Aromasterke urter og krydder måtte brukast for å overdøyva lukta av avfallsproduktet fusel.
Ekte brennevin (brent vin) er destillert opp til berre ca 75% alkohol. Smak og aroma frå råvarene er difor tydelege. Destilleringa føregår i små kjeleapparat der både handverket og råvarekvaliteten er avgjerande for å få eit godt produkt. Destillatet blir brent frå gjæra ”vin” eller fruktmasse. Dei viktigaste fruktbrennevina er druebrennevin og eplebrennevin, men nesten alle typar frukt kan nyttast - også grønsaker og nøtter. Whiskey er også eit ekte brennevin laga av korn og brent i store svanehalsapparat.
Det er to europeiske tradisjonar på fruktbrennevin:
Fatlagra druebrennevin (Cognac og Armagnac) og eplebrennevin (Calvados) som blir brent i tradisjonelle franske Alambic-apparat.
|
Ulagra (blank) snaps brent i meir utvikla tyske kjeleapparat; eplebrennevin (Apfelbrand), pærebrennevin (Birnenbrand ’Williams’), kirsebærbrennevin (Kirschwasser), plommebrennevin (Pflaumenbrand, på Balkan: Slivovic). Italiensk grappa som er brent frå pressrestar av drue, tilhøyrer også tradisjonen med blankt brennevin.
|
I dag finn vi mange produkt som kryssar desse tradisjonelle grensene.
Uekte brennevin er altså ein smakstilsett industrisprit som er laga av 96% nøytral alkohol utan aroma frå råvarene, medan ekte brennevin er destillert på ein handverksmessig måte av ’vin’ eller gjæra fruktmasse, og der aromastoffa frå råvarene er avgjerande for kvaliteten.
Vil du vite meir om brennevin? Kontakt Åge på mail
post@balholm.no
post@balholm.no