Fruktdyrking i Sogn


Sogn er ein del av det nordlegaste fruktmiljøet i verda. Her kan aprikos og druer dyrkast på friland – berre få mil frå Jostedalsbreen sin veldige is. I soga om kong Sverre står det om Aldinshagi i Vik i Sogn. Aldin er gamalnorsk for aldetre/ apal = epletre. Dette er den første skriftlege dokumentasjonen på fruktdyrking i landet, og det viser at sogningane hadde eplehagar før munkane kom til land.  


Frukttradisjonen i Sogn er først og fremst representert med kommunane BalestrandVikLeikangerSogndalLuster, og Lærdal Garden Stedje i Sogndal hadde i si tid den største frukthagen i norden. Eplesortar som 'Kaupanger', 'Fosseple' og 'Fuhr' har sitt opphav i denne regionen. Frukt- og bærkonservering har også lange historiske røter, sterkast representert ved konservesverksemdene til Drægni og Lerum


For den kommersielle fruktdyrkinga i Balestrand kom sokneprest H.U.Sverdrup (f.1813) til å spela ei sentral rolle. Han planta det første eksemplaret i landet av pæresorten Bon Chretin. Lokalsorten Porteple stammar også frå Balestrand. I 1870-åra hadde Sverdrup t.d. 46 pæresortar, 22 eplesortar og 15 plommesortar på Lunde prestegard. I dag er Arboretet på Lunde landskjendt først og fremst på grunn av samlinga av tresortar frå varme himmelstrok, med landets største eksemplar av Apeskrekktre, ekte kastanje, valnøtt, sedertre osv. Arboretet er vel verdt ei vitjing!


Frå ca 1850 utvikla Balestrand seg til ein av dei viktigaste turiststadene på Vestlandet, og Kvikne's Hotel vart bygt opp til å bli ein legendarisk representant for sveitserstilen. Nasjonalromantikken sin lengt etter "det opphavelege" gjorde at det ville og dramatiske fjordlandskapet i Sogn (gml. norsk: sòg eller sug) vart oppdaga. Mange kjende kunstnarar fann inspirasjon i Balestrand og busette seg her med tidstypiske villaer i drakestil. Ved gamlevegen frå Holmen og utover langs fjorden ligg i dag Skandinavias største konsentrasjon av drakestilhus.


For hagebruksnæringa førte denne straumen av tilreisande til at bringebær og jordbær kunne dyrkast kommersielt og bli omsett til turistar og hotell. Balestrand vart såleis ein av dei første kommunane i landet med kommersiell bærdyrking. Kring 1900 kom også den første fruktpressa til bygda frå Frankfurt. Balestrands Saftpresseri var i drift fram til 1930-åra og produserte saft og "ægte naturvin". I 1957 vart Balestrand Fruktpakkelag etablert som eit produsenteigd mottaksanlegg for frukt og bær.


Vidareforedlinga starta opp att som ein del av P/L Balestrand Fruktlager i 1997 under namnet Balholm Safteri. I 2002 vart fruktpresseriet omdanna til Balholm Mosteri AS. I 2006 overtok nye eigarar og verksemda heiter no Balholm AS.

Client Portal | Internal Tools | Web App Builder | Free Website Builder Made with Softr