Å dyrka frukt og laga cider heng tett saman her på Vestlandet, og bestefar Andreas Eitungjerde planta ut frukthagen i 1922. Då barnebarnet Åge overtok bruket på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på. Han sa opp stillinga som høgskulelektor for å etablere Balholm og Ciderhuset. Balholm – den gang kalla Gulleple – vart eit pionerprodukt; ​den første heilt naturlege fruktmost på den norske marknaden.​ 


Balholm har i 20 år arbeida med eple, fruktdyrking, foredling av eplemost og bærmost i mange ulike variantar. I dag har Balholm seks tilsette og produserer omlag 300 000 liter drikke i året. I 1999 importerte Åge kvist av 13 ulike cidereplesortar frå Normandie og Somerset, og har poda opp omtrent 1000 tre som no er i full bering. Det er første gong slike cidereple vert prøvde ut i norsk klima. ‘Cidor’, ‘Belle Fille de la Manche’, ‘Major’, ‘Ellis Bitter’ og ‘Yarlington Mill’ er nokre av desse sortane. Bittersmaken frå desse eplene gir same oppleving som tannin i vin og humle i øl; det gir kraftigare smak som varer lengre. Også i eplebrennvin bidreg desse sortane til ein langt meir kompleks smak. ​I tillegg nyttar vi heile frukta med skal, slik at alle aromastoff blir med i destillatet. ​


Balholm har som målsetjing at økologisk naturmost frå Sogn skal vere tilgjengeleg i daglegvarebutikkar over heile landet. Førebels er råvaretilgangen for liten til dette. Vi arbeider difor med å auke den økologiske fruktproduksjonen gjennom å få i stand kontraktdyrking.


Saman med Økoringen Vest, Sogn Jord- og Hagebruksskule og Planteforsk avdeling Njøs har Balholm gjennom fleire år vore med på ei fagleg nivåheving av den økologisk fruktproduksjon som har hatt klare ringverknader til resten av landet. Alliansen mellom forsking, rettleiingsteneste, dyrkarar og foredling ga konkrete resultat etter få år. ​Sogn er i dag den fruktregionen i landet som har flest økologisk godkjende fruktprodusentar. I Aurland og Balestrand er over 10 % av jordbruksarealet omlagt til økologisk. 

 I dag har Balholm seks tilsette og produserer omlag 300 000 liter drikke i året.

Client Portal | Internal Tools | Web App Builder | Free Website Builder Made with Softr